Jump to content

Norwegian Nynorsk Translation


Vestrvegr

Recommended Posts

  • 1 month later...

Good, but some parts of the translation don't "smell" right. I have listed a couple of strings below (the rest of this message is in norwegian):

"Farts guide", "µTorrent Hjelp", "µTorrent Nettside", "µTorrent Forums"

Orddelingar, nytt bindestrek (og det skal ikkje vera stor bokstav i det andre ordet): "µTorrent-hjelp", "µTorrent-nettside". Forum bøyast dessutan slik: forum - forumet - forum/fora - foruma/fora/foraa. Ingen fleirtals-s i norsk.

"Sjekk for oppdateringar"

"Sjekk for..." er veldig engelsk. Prøv "Sjå etter oppdateringar" i staden.

"Alle rettar forbeholdt"

Dette er bokmål. Prøv "Alle rettar er atterhaldne" i staden.

"ratio"

Ei grei omsetjing er "tilhøve".

"Avanserte Instillingar [Åtvaring: ikkje modifiser]"

"innstillingar" med to n-ar og liten i, og "ikkje gjer om" er betre norsk.

"Diskhurtiglager"

Vrient ord å omsetja, men det heiter same kva "plate" i staden for "disk" og "snøgg" eller "rask" i staden for "hurtig". Snøgglager, snøggplatelager eller liknande.

"Vanlegvis greier µTorrent hurtiglageret automatisk, men du kan endre dette ved å modifisere desse instillingane"

Denne setninga var ganske uforståeleg. Men eg vil prøva: "Til vanleg styrer µTorrent snøgglageret automatisk, men du kan overstyra dette ved å endra desse innstillingane". Eller noko sånt. "Vanlegvis", "hurtig", "modifisere" er bokmål, og "innstilling" skal som sagt ha to n-ar.

"Overkøyr automatisk cache-storleik og spesifiser manuelt"

Denne var tung og vanskeleg. Sei det enklare: "Still inn storleiken på snøgglageret manuelt"

"Reduser minnebruken når hurtilager ikkje er nødvendig"

Eller "Mink minnebruken når snøgglageret ikkje er i bruk"

"Skru av les mellomlagring ved låg opp-hastigheit"

Veit ikkje heilt om eg forstår denne, men "hastigheit" er same kva ikkje godt språk. Du nyttar "fart" elles, så kvifor ikkje gjera det her òg? det kan kanskje vera noko slik: "Sku av lesing av mellomlageret ved låg opp-fart"

"Legg til .ut i filendelsen..."

Dette er bokmål. "Legg til .ut i filendinga for..."

Eg vonar dette var til hjelp. Skal seia i frå om eg finn fleire feil og tunge formuleringar.

Link to comment
Share on other sites

Hello

Yes, the Norwegian Nynorsk translation in 1.7.7 is not good at all. It's simply because it wasn't finished when it was included in the language pack.

Hei

Tusen takk for merknadene.

Du har heilt rett i at mykje av omsetjinga i versjon 1.7.7 ikkje er god. Ho er rett og slett forferdeleg mange stader

Då eg tok over omsetjinga, var språkfila ca. 36 % omsett og inneheldt svært mange bokmålsord, håplause orddelingar, feilbøyingar av ord, store bostavar på feil plass osb.

Det som skjedde var at omsetjinga vart inkludert i språkpakken før ho var ferdig. Diverre.

Men det meste av det du peikar på er allereie retta opp og kjem -etter det eg forstår- med i neste oppdatering.

Eg skal likevel gå gjennom språkfila ein gong til med merknadene dine i bakhovudet.

P.S. «Hurtig» står nok i Nynorskordboka, men «snøgg» er sjølvsagt det tradisjonelle nynorskordet.

Link to comment
Share on other sites

  • 1 month later...
  • 3 months later...

Hei tropp_rett!

Takk for merknad og innspel.

Eg skal sjå på og vurdere forslaget ditt så snart eg kan.

Merk òg at det nett har kome ei oppdatering av µTorret -bygg 11813-datert 13.08.08.

P.S. ved evt. seinare merknader til omsetjinga, kunne du då -om mogeleg- referere til den engelse termen som er brukt i tillegg til den norske? Ein slik referanse vil gjere ei korrigering av omsetjinga lettare.

Mvh

Vestrvegr

Takk for at du nyttar µTorrent på norsk (nynorsk).

Link to comment
Share on other sites

Archived

This topic is now archived and is closed to further replies.

×
×
  • Create New...